Pressemelding -
Ruter-appen på nynorsk
No kan 1,3 millionar reisande bruke Ruter-appen på nynorsk
Det skjer på nynorskdagen 12. mai, 140 år sidan Stortinget vedtok at nynorsk og bokmål skal vere likestilte skriftspråk i Norge.
– Når vi har to likestilte skriftspråk, meiner vi det er rett at appen vår også kan brukast på nynorsk, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Ruter, Elisabeth Skarsbø Moen. Ho har sjølv nynorsk som hovudmål.
Tar språkansvar
Med 1,3 millionar brukarar, er Ruter-appen ein av dei mest brukte appane i Norge. Noregs mållag er begeistra for språkoppdateringa.
– At Ruter lagar nynorskversjon av appen sin er skikkeleg stas og kjempeviktig for veldig mange menneske som no får møte meir nynorsk i kvardagen! Ruter tar språkansvar og viser sjølvtillit når dei rettar ryggen og ropar: Vi finst også på nynorsk! Ruter gjer det lettare å vere nynorskbrukar – også i eit digitalt samfunn, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Språkfunksjonaliteten på nynorsk er viktig grep frå Ruter for å få alle til å føle seg heime.
– Kollektivtransporten bind folk saman i storbyen slik at vi kan å leve og jobbe saman. Kollektivtransport er viktig for storbyidentiten på tvers av kulturar. Språk er heilt sentralt for identitet og kultur, og derfor er viktig for oss å kunne få kundane til å føle seg heime – også i appen, seier Moen.
Saman om digital utvikling
Ruter-appen vart først lansert i 2012. Grunnen til at Ruter-appen kjem på nynorsk først no, er at Ruter/Tet digital også utviklar den nye appen til Skyss i Vestland fylkeskommune. Vestlandet er den landsdelen der nynorsk er mest brukt. Skyss vart nyleg medeigarar i Ruter sitt digitale utviklingsselskap TET Digital.
– Det må som regel vestlendingar til for å få fart på ting, seier Moen spøkefullt, som sjølv er frå Fræna utanfor Molde.
Ruter-appen er tilgjengeleg på nynorsk for mobilbrukarar med programvare iOS 9.22.0 og Android 7.67.0.
Kontakt:
Ruters pressevakt, presse@ruter.no eller 40001518.
Noregs Mållag, leiar Peder Lofnes Hauge, peder.hauge@nm.no eller 95122689.
Emner
Regions
Ruter As er et felles administrasjonsselskap for kollektivtrafikken i hovedstadsområdet. Vi administrerer over halvparten av kollektivtrafikken i Norge. Vår rolle er å planlegge, utvikle, samordne, bestille, markedsføre og informere om kollektivtrafikktilbudet. All operativ drift utføres av ulike operatørselskap som kjører på kontrakt for Ruter - alt innenfor samme billett- og prissystem. Våre eiere er Oslo kommune (60 %) og Akershus fylkeskommune, (40 %). Totalt var det 395 millioner påstigninger i området vi dekker i 2024.